Barndom - temamøte 23. januar

Barndom - temamøte 23. januar

37   0   2   0   0   0
Kommentare (0)
Veranstalter bewerten
Kalender

Unterkategorie - Rund um Dein Tier

Tierart

Details

Adresse
Ivar Aasen-tunet, Indrehovdevegen 176, 6160, Hovdebygda, Norway

Datum

Datum
23 Januar, 2018
Start
19.00
Ende
21.00

Barndom - temamøte 23. januar

Temamøte «Barndom»

Då Stortinget i 1997 vedtok å endre alderen for skulestart frå 7 til 6 år, var intensjonen at leiken skulle vidareførast i skulen. Men korleis er dagens skule for dei minste, og korleis er overgangen frå barnehage til skule?

Ørsta og Volda SV inviterer til ope temamøte der vi får besøk av to nestorar innanfor sine felt:

Professor Peder Haug vil opne med eit føredrag om 6-årsreforma 20 år etter: korleis har reforma påverka barns kvardag, leik og meistring? Kva har skjedd med barndomen etter at 6-åringane byrja på skulen? Legg skulen til rette for at barn får vere barn, og kva følgjer får det om skulen evt. ikkje gjer det?

Barnevernspedagog Bente Hasle vil fylgje opp med eit innlegg om barns psykiske helse og «foreldrekrafta» - om korleis foreldre kan vere ein ressurs når barna har psykiske problem. Ulike psykiske diagnosar synest å ha auka dei seinare åra. Korleis påverkar dagens barndom ungane, og kva rolle kan vi som foreldre spele?

Vi er også så heldige å få besøk av musikar og barnehagelærar Nina Vedeld Telseth, som vil dele musikalske innslag med oss.

Møtet vil ha ei fagleg vinkling, og er ope for alle interesserte. Fri inngang. Vel møtt til ein spanande temakveld!

Venleg helsing styra i Ørsta og Volda SV

Karte

Start/Ziel tauschen

Benutzer-Kommentare

Es gibt noch keine Benutzer-Kommentare.
  • Haben Sie schon ein Konto?
Bitte registrieren Sie sich oder Sie sich ein, um einen Kommentar abzugeben.